Bjerkreim meieri
Av Astrid Topdal
Bjerkreim meieri ️
I dag vil jeg presentere en bildeserie fra Bjerkreim sitt nye meieri om stod klart i 1952.
Her er film fra filmavisen i 1953, 4 minutt ut i innslaget.
Dette blei også det siste meieriet, men historia om meieri I Bjerkreim starta lenge lenge før på Norda Røysland i 1860 som eit sommarstølsmeieri.
Grunnmurane står framleis.
Meieriet var eigd av fleire bønder frå Jæren og Høyland, og dei hadde tilsett både meieribestyrar, gjeter og budeier. Dei kjøpte inn 65 kyr og ein stor flokk geiter.
Meieribestyraren køyrde sjølv mjølk og smør til Stavanger, og den første sommaren gjorde han ni tredagsturar. Om dagane beita dyra på fjellet under gjeteren si tilsyn, og på kvelden vart kyrne melka på stølen. På denne tida kunne både bjørn, ulv og gjerv dukke opp i området. Kvifor meieriet til slutt vart lagt ned, veit vi ikkje sikkert, men arbeidet må ha vore tungt og krevjande.
Tilbake til meieriet som stod nytt i 1952 til ein kostnad til ein kostnad på om lag 1,4 millionar kroner. Meieriet var tidleg ute med moderniseringar, mellom anna ved å pumpa ostemasse i osteproduksjonen.
Gjennom 1950- og 1960-åra auka mjølkemengda kraftig, og meieriet vart stadig utvida med nye bygg og moderne utstyr.
I 1962 starta planlegging av gardstankar, og utbyggingane frå 1966 gjorde at meieriet kunne ta imot mjølk frå fleire krinsar, inkludert geitemjølk frå Veen og Byrkjedal.
I 1974 vart Byrkjedal Ysteri tilslutta Bjerkreim Meieri, og i 1975 slo meieriet seg saman med
Eigersund Meieri og vart til
Bjerkreim-Eigersund Meieri
Meieriet blei etterkvart nedlagt å melka levert til Nærbø meieri. Geitemelk fra Ween og 2 garder i Ørsdalen blir idag levert til Tine meieriet Haukel.
Minner om at me er positive i det me skriv her inne , me minnes det som har vert, dette var for mange ein gong ei av bygdas stoltheten
Her er ein film som blei laget etter at meieriet var lagt ned. Det er her informasjon fra første meieri er tatt, 150 år med meierihistorie I Bjerkreim. Virker verdt å sjå.